LUKE 6: Høg tid av Helge Torvund

luke-6

 

HØG TID

 

Eg festa fugleneket til stammen
på kirsebærtreet
med to meterlange taustumpar
Det heng framleis att eitt lauv
oppe på ei av dei høge greinene

Kva er det som held meg oppe?

Seinare står eg
med søppelposen i handa
og ser neket lysa mildt
i blåskumrande desemberskugge
under stjernehimmelen

Kva er det som held oss i si hand?

Eg tømer valnøttene
Oppi det runde solide trefatet
me fekk i bryllupsgåve
for over tretti haustar sidan
Lyden av nøtter som rullar mot tre

Kva er det som held oss saman?

Me stegar over holke og mose
Går opp på knausen og studerer
gran etter gran
Dette? Nei, det er litt for vidt
Dette då? Det manglar ei grein der

Kven løftar det grøne gjennom kulda?

Brått dultar me borti kvarandre
med våre vinterkledde kroppar
og stoppar
Du opnar ansiktet og ler
Eg klemmer armen din mjukt

Kva er det som held oss i sin arm?

Alt det vanskelige i åra som var
vert viska ut av angen av kvae og gran
På litlejulaftan hengjer du førsteklassenissane
til barna våre opp – saman med skjør julepynt
arva frå to heimer

Kva er det som luktar fred?

Gjennom dampen frå gløggen
ser me på andletet til kvarandre
prega av å veva våre erfaringar saman
Smilet ditt får brått alt til å smaka
av mandel, kanel og varm vin

Kva er smaken av nytt liv?

Å koma inn i stova morgonen etter
og kjenne sinnet nøla
ved angen av grøna nåler
Kvea er dette for ein djupraud glød?
Kve er dette for ei levande aning?

Kven fyller rommet med hør tid?

Dikt av Helge Torvund og er hentet fra årets utgave av Juleroser!

JULEKLEM FRA BEATHE

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s